PANORAMA

 

Majestetisk utsikt i naturskjøne omgjevnader

Hyllestad sitt landemerke, Lihesten, er som tatt ut frå eit postkort og

syner Noreg fra si aller beste side. Med ein blinkande og forlokkande fjord

i forgrunnen er det eit skue som ikkje kan samanliknast med noko anna.

Ei utsikt dei fleste av oss drøymer om å ha.

Draumen kan no bli oppfylt - velkommen til Åfjorden Panorama!

Flotte turområde

Fantastisk utsikt

Gode fiske- og bademoglegheiter

Barnevenleg

Området

Åfjorden Panorama ligg idyllisk til på nordsida ved Åfjorden med svært gode solforhold.

Ikkje berre får du utsikt mot majestetiske Lihesten, men også mot Hyllestad i aust og havet

i vest. Rett nedanfor bustadområdet har ein tilgong til flotte svaberg som lokkar til bading,

avslapping og seine sommarkveldar. Tomteområdet er på 3000 m2 og ligg i enden av eit lite og roleg

bustadfelt på Salbu. Bustadane er plassert i kvar sin ende av tomta, noko som

medfører at det er god plass mellom dei. Åfjorden Panorama ligg nær naturen med gode

rekreasjonsmoglegheiter som tur på oppmerka sti, flotte fjellturar og ikkje minst god tilgang

til sjø.

Køyreavstand

Matbutikk: 5 min 

Busshaldeplass: 0 min

Barnehage: 10 min 

Skule: 10 min 

Kommunehus: 10 min 

Rysjedalsvika kai: 25 min 

Lavik: 35 min 

Bringeland flyplass: 1 time 

Førde: 1 time og 15 min

Fasilitetar

Åfjorden Panorama ligg 1,5 km frå Sørbøvåg. Her finn du mellom anna butikk, frisør,

drivstoffylling, eldrebustader, kyrkje, båthamn og andre næringar.

Hyllestad sentrum ligg 10 km unna med fysioterapi, legekontor, helsestasjon, tannlege,

skule, barnehage, bibliotek, ny fleirbrukshall og andre offentlege tenester.

Åfjorden Panorama ligg i eit roleg lokalområde med eit vellag som det er mogeleg å verte

medlem av.

Hyllestad kommune

Hyllestad kommune har ca. 1300 innbyggjarar og ligg sentralt på nordsida og heilt ytterst i

Sognefjorden. Det er gode oppvekstvilkår i den naturskjønne bygda. I tillegg til naturen

med skog og fjell, har ein også eit aktivt kultur- og fritidstilbod med mange frivillige

organisasjonar og idrettslag. I ei lita bygd møter ein igjen mange av dei same folka på

tvers av foreningar, men det knyter også oss som bur her tettere saman. Ein fin arena

både for born og voksne.

Ynskjer du å vite meir om kva som skjer i Hyllestad? Besøk hyllestad.kommune.no

 

Nøkkelferdige bustader

Åfjorden Panorama er teikna av Vårdal Arkitekter gjennom bustadkonseptet Flexibo. 

Bustadane er heilheitlege og gjennomtenkte med praktiske løysingar. Alt er på eit plan med carport og utvendig bod. Utvendig vert bustadane levert med vedlikehaldsfri kledning av typen Møre Royal. Det leverast 15m2 terrasse på mark og tunet er ferdig grusa. Innvendig blir bustadene levert med ferdig måla gips og listfrie løysinger i tak og vindu. Bustadane vert levert med ein komplett kjøkken- og baderomspakke. Oppvarmingskjelde er varmefolie i golv i tillegg til vedomn. Det er inkludert komplett opplegg for røyrleggjar og elektrikar, med innvendige spotlights og utvendig belysning. Det vil vere mogeleg å koble seg på fiber om ynskjeleg. Alle valg kan endrast etter avtale - også mindre estetiske valg på utvendig fasade. Åfjorden Eigedom er prosjektansvarleg og utbyggjar av Åfjorden Panorama. Bustadane vert oppført etter gjeldande byggteknisk forskrift (TEK 17).

Ta kontakt for ytterlegare informasjon.

292_924769934_redigert.jpg
292_1814860238_redigert.jpg
 

Kontakt oss!

Her kan du melde di interesse for bustad i Åfjorden Panorama. Ta kontakt for meir detaljert informasjon og for tilsending av prospekt.


Åfjorden Eigedom

Tlf: 959 67 774, 952 00 793

Epost: afjordeneigedom@gmail.com

Svein Tore Hatløy

95967774

Ole Helge Solstad 

95200793