
SALBUØYRA
Majestetisk utsikt i naturskjøne omgjevnader
Hyllestad sitt landemerke, Lihesten, er som tatt ut frå eit postkort og
syner Noreg fra si aller beste side. Med ein blinkande og forlokkande fjord
i forgrunnen er det eit skue som ikkje kan samanliknast med noko anna.
Ei utsikt dei fleste av oss drøymer om å ha.
Draumen kan no bli oppfylt - velkommen til Åfjorden Salbuøyra!
Flotte turområde
Fantastisk utsikt
Gode fiske- og bademoglegheiter
Barnevenleg
Området
Åfjorden Salbuøyra ligg idyllisk til på nordsida ved Åfjorden med svært gode solforhold.
Ikkje berre får du utsikt mot majestetiske Lihesten, men også mot Sørbøvåg og havet
i vest. Bustadane ligg i Salbuøyra byggefelt med flott utsikt. Det ligg nært butikk, båthamn og Hamnepark med sandvollyeballbane, badestrand og ein liten klatrepark. Åfjorden Salbuøyra ligg nær naturen med gode
rekreasjonsmoglegheiter som tur på oppmerka sti, flotte fjellturar og
ikkje minst god tilgang til sjø.

Køyreavstand
Matbutikk: 2 min
Busshaldeplass: 0 min
Barnehage: 10 min
Skule: 10 min
Kommunehus: 10 min
Bergen: 2,5 timar
Rysjedalsvika kai: 25 min
Lavik: 35 min
Bringeland flyplass: 1 time
Førde: 1 time og 15 min

BELIGGENHEIT.
Her ser du kart som viser kor Åfjorden Eigedom har sine bustadprosjekt.


Fasilitetar
Åfjorden Salbuøyra ligg 1 km frå Sørbøvåg. Her finn du mellom anna butikk, frisør,
drivstoffylling, omsorgsenter, eldrebustader, kyrkje, båthamn og andre næringar.
Hyllestad sentrum ligg 10 km unna med fysioterapi, legekontor, helsestasjon, tannlege,
skule, barnehage, bibliotek, ny fleirbrukshall og andre offentlege tenester.
Åfjorden Salbuøyra ligg i eit roleg bustadfelt.




Hyllestad kommune
Hyllestad kommune har ca. 1300 innbyggjarar og ligg sentralt på nordsida og heilt ytterst i
Sognefjorden. Det er gode oppvekstvilkår i den naturskjønne bygda. I tillegg til naturen
med skog og fjell, har ein også eit aktivt kultur- og fritidstilbod med mange frivillige
organisasjonar og idrettslag. I ei lita bygd møter ein igjen mange av dei same folka på
tvers av foreningar, men det knyter også oss som bur her tettere saman. Ein fin arena
både for born og voksne.
Ynskjer du å vite meir om kva som skjer i Hyllestad? Besøk hyllestad.kommune.no




Nøkkelferdige bustader
Åfjorden Salbuøyra er teikna av Vårdal Arkitekter gjennom bustadkonseptet Flexibo. Bustadane er heilheitlege og gjennomtenkte med praktiske løysingar. Her kan kjøpar velje mellom 3 storleikar, ut frå kor mange soverom bustaden har. Alle alternativa er på eit plan inkludert carport, utvendig bod og terrasse på mark. Kledninga er av den vedlikeholdsvennlege typen til Møre Royal. Innvendig blir bustadene levert med ferdigmåla gips og listfrie løysingar i tak og vindauge. Bustadane vert levert med komplett kjøkken- og baderomspakke. Det vert installert vedomn i dei to største bustadane. Det er inkludert komplett opplegg for røyrleggjar og elektrikar, med innvendige spotlights og utvendig belysning. Det vil vere mogeleg å kople seg på fiber om ynskjeleg. Alle valg kan endrast etter avtale - også mindre estetiske valg på utvendig fasade. Vi kan også tilby andre bustadmodellar om ønskjeleg. Åfjorden Eigedom er prosjektansvarleg og utbyggjar av Åfjorden Salbuøyra.
Bustadane vert oppført etter gjeldande byggteknisk forskrift (TEK 17).
Ta kontakt for pris!
TA KONTAKT FOR YTTERLEGARE INFORMASJON.

Ny!
No er vi i gang med to hus i Salbuøyra bustadfelt!
Om du ønskjer å bygge hus på Salbuøyra, ta kontakt for hus og prisar.
Vi skreddarsyr til deg.



Lier 2-roms.

Lier 4-roms.


Bustadar med saltak.
Åfjorden Eigedom kan no også tilby bustadane i Kreativ-serien på Salbuøyra. Ynskjer de ein meir tradisjonell stil er dette eit godt alternativ. Her er det benytta saltak og dermed får ein full utnytting av loftarealet.
Modellen Kreativ har to etasjer og i tillegg ein flott terrasse over carporten.
Modellen Kreativ Tradisjon er på 1,5 etasjer, og det gjer det mogeleg å bygge ut loftet etter kvart. Denne modellen har ikkje carport, men det er mogeleg å få som tillegg.
Begge bustadane har 3 soverom, 2 bad og romslege opphaldsrom både oppe og nede.
Elles gjeld det same som for dei andre bustadane vi tilbyr på Salbuøyra.

Kreativ.




Kreativ
Tradisjon.




Kontakt oss!
Her kan du melde di interesse for bustad i Åfjorden Salbuøyra. Ta kontakt for meir detaljert informasjon og for tilsending av prospekt.
Tlf: 959 67 774, 952 00 793
Epost: afjordeneigedom@gmail.com

Svein Tore Hatløy
95967774
